Årsmelding 2011

Historikk:

Etter ynskje frå blant andre Jan Eirik Vågen i Åkra om å betra mogelegheitene for bruk av sikringsradio ved å bygga ein gjennomsnakkestasjon i området, vart det sett i gang ein
prosess for å utgreia dette. Det vart først gjort forsøk på å få ha sendaren på Senjanuten
opp frå Fjellhaugen; her har SKL eit sambandspunkt. Dette alternativet lukkast ein ikkje
med. Etter vidare arbeid hausten 2010, og med velvilje frå grunneigaren Kvinnherad
kommune, vart det gjeve byggjeløyve til mogeleg sendar på Vardahorga, 1056 m.o.h.

Det vart halde stiftingsmøte i ”nye” Ytre Hardanger sikringsradiolag den 9. desember 2010. Innkalling var på førehand sendt 95 registrerte medlemer i det gamle laget ved same namn.
Av desse møtte 5 personar i Omvikdalen skule.

Stiftingsmøte vedtok å gå vidare med prosjektet slik det vart lagt fram. I tillegg til gjennomsnakkestasjonen vart det og vedteke å knyta laget opp mot vaktsentral
som var tenkt oppsett på Rosendalstunet, dette for å kunna ta imot naudmeldingar frå sikringsradioapparata. Forslag til vedtekter for laget vart godkjent.

Desse vart valde til styret for laget:

Leiar:        Jan Eirik Vågen, Åkra

Skrivar:    Bjørn Helge Skåle, Rosendal

Kasserar: Bjarte Naterstad, Seimsfoss

Vararep.:  Olav Hjetland Bringedal, Uskedalen

 

Styrearbeid

Styret har ikkje hatt protokollførte møter men har vore ilag på synfaringar, dugnader
og tilsynsturar. I tillegg har det vore utstrakt kontakt på telefon og e-post.

Laget vart registrert i Brønnøysund 10. januar 2011. Det vidare arbeidet gjekk ut på å
skaffa pengar til laget.

Søknader vart sendt Kvinnherad kommune ved næringsfondet og viltfondet. Vidare fekk sparebankstiftingane til Kvinnherad Sparebank og DNB Nor, søknader frå oss. Andre lag
og institusjonar som skogeigarlag, turlag, utmarkslag, grunneigarleg, bankar og
forsikringsselskap fekk og søknader. Budsjettet som vart utarbeidd lydde på ca.
kr 94 000,- inkl. mva.

Den tekniske delen vart arbeidd vidare med utetter våren. Ein kom fram til at det var
naudsynt å byggja ei lita hytte til å ha utstyret i. Elektronisk utstyr er for kostbart til å
ha ståande i eit enkelt skap så høgt til fjells. Jan Eirik laga hytta heime i verkstaden
sin i Åkra.

Etter synfaring på Vardahorga den 5. juni, fekk vi så frakta opp utstyr og materiell til
fundamentet for hytta den 22. juni medan SKL hadde helikopter i området. Dagen
etter var Jan Eirik og Bjørn Helge til fjells og sette opp 4 søylepunkt i betong. Det vart
bora heile 26 hull for armering, mastefester og barduner.

Det vart arrangert medlemsmøte i laget den 15. august på Omvikdalen skule.
Vi hadde besøk av forhandlar Egil Kambo som orienterte om sikringsradiosystemet
og la inn kanal 11 i dei radioane som ikkje var utstyrt med den nye kanalen. Grunnen
til at vi fekk tildelt ein heilt ny kanal, var at aktuelle frekvensar alt var tekne i bruk av
andre sikringsradiolag i Hordaland og Nord-Rogaland. Dei som enno ikkje har kanal 11
i sine apparat kan få gjort dette hos forhandlar.

Den 17. august skulle SKL igjen ha helikopter i samband med utbygginga på Vetrhus.
Innimellom støypinga vart det tid til å frakta sendarutstyret, tre store 12-voltsbatteri, aluminiumsmast og verktøy til Vardahorga. Ståle Eik, Gunnar H. Bakka, Jan Eirik og
Bjørn Helge var framme kl. 07.35 for å ta imot hivet som kom kl. 08.00. Vi laga oss
klar til å ta imot hytta som kom eit kvarter seinare. Det gjekk greitt å tre ho ned på
boltane. Montering av mast, barduner, solcellepanel, batteri og sendarutstyret heldt
fram utetter dagen til det vart tid for å koma på lufta ca. kl.16.

Vi hadde Bjarte heime på Naterstad til å ta imot første oppkall på kanal 11 som vi
hadde fått tildelt på vår sendar.
Testen gjekk etter måten bra. Det same med nødoppkallinga som førebels går til
Jan Erik sin mobiltelefon. Helikopteret kom tilbake utpå dagen og henta ned materiell og
verktøy. Det var fornøygde karar som kunne gå ned frå Vardahorga den kvelden.

Det vart enno nokre turar til Vardahorga i løpet av hausten. Inneantenne for GSM vart
bytta med uteantenne, GSM- modul vart skifta og sendaren klargjort for vinteren.

Då snøen kom i fjellet hadde han følje av til dels mykje vind. Dette førte til ising
av solcellepanela som igjen førte til at batteria ikkje fekk tilfredsstillande lading.
Spenninga var til tider ned på 11-talet.

Den 6. januar lukkast det Jan Eirik og Kjetil Mehl å ta seg opp til sendaren på ski.
Det var då tre centimeter is og snø på panela. Få soldagar var heller ikkje noko
som hjelpte på ladinga.
Først mot slutten av januar kunne vi sjå teikn til betring av straumtilførsla.

Vi har fått råd om at solcellepanela bør monterast rett på hytteveggen, ikkje på
eit stativ som gjer at dei står på skrå som no (løfta ut i nedkant).

Då problema med lite straum oppstod måtte styret sjekka alternative måtar
å tilleggslada batteria på. Det har vore vurdert aggregat, vindmølle og
brenselcelleaggregat. Dette vert lagt fram som sak på årsmøtet.

Det har og vore arbeidd med å knyta oss opp mot 110-sentralen i Bergen der
vaktsentralen er tenkt plassert. Dette har teke lengre tid enn venta. Det er
sikringsradioen sentralt som har denne oppgåva.

Pr. 31.12.2011 har laget 107 medlemer og 196 registrerte sikringsradioapparat.

Styret vil til slutt få takka alle gode medspelarar for samarbeidet med å etablera
sendaren på Vardahorga. Særleg vil vi nemna administrasjonen i Sikringsradioen i
Oslo, SKL Produksjon, dei som har delteke på dugnader og alle som har støtta
opp med økonomiske og faglege bidrag.

Styret

 

Besøkande

Vi har 9 gjester og ingen medlemmar på besøk.

Ny sikringsradio

Viss du vil kjøpa ny sikringsradio, så vil vi anbefala vår lokale forhandlar:

Kambo Kraft, 5590 Etne, 
v/Egil Kambo tlf. 90 59 58 21.

Han har nye på lager og kan også justera eldre sikringsradioar.

Go to top