Årsmelding 2012
Årsmøte for 2011 vart halde på Omvikdalen Oppvekstsenter den 21. februar 2012. Fem medlemer møtte fram. Referat finn du her: www.ytrehardanger.info
Desse har vore med i styret:
Leiar: Jan Eirik Vågen, Åkra (på val)
Skrivar: Bjørn Helge Skåle, Rosendal
Kasserar: Bjarte Naterstad, Seimsfoss (på val)
Vararep.: Olav Hjetland Bringedal, Uskedalen (på val)
Største utfordringa med sendaren i år har vore is og snø som har lagt seg på solcellepanela vinteren 2011/12. Årsmøte vedtok å gå til innkjøp av brenselcelleaggregat for å sikra nok straum til sendaren på hardaste vinteren. Aggregatet slår seg automatisk på når solcellepanela ikkje yter nok. Vi har hatt eit godt samarbeid med SKL Produksjon, og dei har delteke i dugnaden med å få installert brenselcelleaggregatet i sendarhytta på Vardahorga. I tillegg kjem tilskot frå viltfondet.
Fredag 21. september var Jan Eirik, Terje Miljeteig og Bjørn Helge til sendaren i 15-20 cm snø på toppane, for å gjera endringar på solcellepanela ved at dei vart montert loddrett på veggen, ikkje på skrå slik dei først vart montert. Samstundes vart dei senka 15 cm for å unngå skygge frå takutstikket. Elles fekk alle barduna påmontert meir plastrøyr for å unngå nedising.
Laurdag 22. september vart brenselcelleaggregat frakta opp til sendaren med helikopter. Jan Eirik var med og fekk det montert i løpet av dagen. Samstundes vart antennefundamentet i masta skifta ut med ein sterkare variant.
Elles har det vore nokre turar til sendaren for tilsyn og ymse vedlikehald. Det er Jan Eirik som har utført dette arbeidet.

Onsdag 25. juli vart laget vårt knytt opp mot 110-sentralen i Bergen. Alle naudoppkall via «den raude knappen» på apparatet går no dertil. Det vert utført testing av sambandet mot 110-sentralen tredje-kvar helg.
Grunna god økonomi i laget har det ikkje vore sendt ut krav om lokal kontingent slik det vart antyda i informasjonsbrevet til medlemene datert 30. august 2012. Heimesida er fornya med hjelp frå firmaet Webox Norge på Tysnes. Sida vår har hatt godt besøk og det viser at mange er interessert i våre erfaringar med sikringsradiosamband. Sikringsradiolaget sentralt har og drege nytte av kunnskapen som særleg Jan Eirik har fått i arbeidet med sendaren på Vardahorga; dei er ofte på tråden.
For dei som er interesserte i værforholda i fjellet kan vi visa til værstasjonen som står på Kvitegga mellom Omvikdalen og Guddalsdalen: http://www.sveinsvi.com/ Denne ligg på 660 m medan sendaren vår ligg noko høgare; 1056 m, ca. 6 km unna.
Pr. 31.12.2012 har laget 114 medlemer og 208 registrerte sikringsradioapparat; ein auke på sju medlemer.
Styret vil takka alle medlemer og gode støttespelarar for samarbeidet i året som har gått.
Styret

Besøkande

Vi har 4 gjester og ingen medlemmar på besøk.

Ny sikringsradio

Viss du vil kjøpa ny sikringsradio, så vil vi anbefala vår lokale forhandlar:

Kambo Kraft, 5590 Etne, 
v/Egil Kambo tlf. 90 59 58 21.

Han har nye på lager og kan også justera eldre sikringsradioar.

Go to top