ÅRSMØTE

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Ytre Hardanger sikringsradiolag i Omvikdalen Oppvekstsenter, onsdag 12. mars 2014 kl. 20.00.

Sakliste:

1. Godkjenning av innkalling og sakliste

2. Val av møteleiar, referent og to til å skriva under protokollen

3. Årsmelding

4. Rekneskap

5. Budsjett

6. Val

7. Medlemskontingent

8. Innkomne saker

9. Eventuelt

Alle medlemer er velkomne.

 

Årsmelding 2013

Årsmøte for 2012 vart halde på Omvikdalen Oppvekstsenter den 12. mars 2013. Fem medlemer møtte fram. Referat finn du her: www.ytrehardanger.info

Desse har vore med i styret:

Leiar: Jan Eirik Vågen, Åkra (på val)

Skrivar: Bjørn Helge Skåle, Rosendal (på val)

Kasserar: Bjarte Naterstad, Seimsfoss

Vararep.: Olav Hjetland Bringedal, Uskedalen (på val)

I 2013 har sendaren stort sett fungert bra. Ved at vi no har to mogelegheiter til å produsera straumen, både solcellepanel og brenselcelleaggregat er vi sikra god drift heile året. Sistnemnde går på metanol og slår inn når solcellepanela vert dekka av is og snø.

I byrjinga av mars miste vi kontakten med radiodelen av sendaren og mange forslag om kva det kunne vera, vart lansert. Kanskje kabelbrot i masta etter uveret som var? Einaste måten å finna ut det på, var å ta turen opp. Denne gong måtte vi nytta helikopter av sikkerheitsmessige grunnar sidan det kunne vera fare for snøskred. Heldigvis vart det brukande flyver den 11. mars og Fonnafly fekk oppdraget. Jan Eirik fann ut at antenna hadde vidd seg i festet og skada kabelen i toppen av masta. Både antenna og kabelen vart skifta, testa og funne i orden.

I sommar vart antennefeste skifta ut med ein sterkare variant. Dette for at sterk vind ikkje skal klara å vri antenna ut av posisjon.

Det vart to turar til fjells i haust for å klargjera sendaren for vinteren. Ei kanne metanol vart frakta opp med helikopter. Det er Jan Eirik, Bjørn Helge og Nils Gunnar Øvstebø som har gjort desse turane.

Det vert utført testing av sambandet mot 110-sentralen ca. tredje-kvar veke. Ei stund i haust hadde 110-sentralen problem med å få opp id-nummeret på radioane som sendte naudmelding. Dette vart ordna etter ei stund ved hjelp av Sikringsradioen AS sentralt og teknisk fagpersonell.

Det har ikkje vore sendt ut krav om lokal kontingent dette året heller. Heimesida vår har hatt godt besøk og det viser at mange er interessert i våre erfaringar med sikringsradiosamband.

Pr. 31.12.2013 har laget 114 medlemer og 211 registrerte sikringsradioapparat. Vi vil minna medlemene på om at det er mogeleg å gå inn på «Min side» på heimesida til Sikringsradioen AS å oppdatere eigen informasjon om namn, adresse og kontakttelefonar. Viss du treng hjelp, eller at vi skal gjera det for deg, er det berre å ta kontakt.
Styret vil takka alle for samarbeidet i året som har gått.

Styret

Besøkande

Vi har 18 gjester og ingen medlemmar på besøk.

Ny sikringsradio

Viss du vil kjøpa ny sikringsradio, så vil vi anbefala vår lokale forhandlar:

Kambo Kraft, 5590 Etne, 
v/Egil Kambo tlf. 90 59 58 21.

Han har nye på lager og kan også justera eldre sikringsradioar.

Go to top