Vår sendar er tildelt kanal 11 og byggd for å dekka 2 formål:

1. Til å få kontakt med andre som er i fjellet ved f.eks sauesamling, for å gje korte beskjedar. Eller gje beskjed heim viss ein f.eks. vert forseinka på turen.  Sendaren vert brukt som gjennomsnakkstasjon, der signala vert forsterka og ein når eit større område. Viss den som ein skal ha kontakt med er så nær at ein klarar å få kontakt direkte, så brukar vi ein av dei andre kanalane.

2. Vi er kopla opp mot vaktsentral og ein kan bruka nødknappen på radioen til å få tak i hjelp, ved ulykker.

Du er velkomen til å bruka sikringsradio og sendaren vår. I artikkelen under bilete har vi sett opp nokre ting, som det kan vera greit å hugsa på. Ein lærer etter kvart, når ein brukar radioen. Ingen er heilt utlærd. Før du går på tur så kan du testa om sendaren er i orden.

Trykk inn sendareknappen og slepp den. Du vil høyra ein suselyd i 2-4 sek. og det viser då at sendaren er i orden.

                                     Sikringsradio 007-picnik
    Her har vi 2 sikringsradioar, frå venstre Icom F34GS og Vertex VX 824.

Bruk av sikringsradio:

1. Hugs at radiosignala når langt og andre kan høyra kva du seier.

2. Korte samtalar og beskjedar.  Gode "jakthistoriar" får du venta med til du kjem heim.

3. Når du snakkar så held du inne sendarknappen på sida av radioen og slepper knappen når du skal høyra.

4. Viss du hører ei datastemme som snakkar på engelsk, så er det ein i laget som testar sendaren. Ein slik test varer i 2 min. .

Under testen er ikkje sendaren i drift.


Bruk av radio ved nød:

1. Trykk ned nød/alarmknappen og hald den i 3 sekundar. Då startar ein alarmen og den vil halda på i ca 30 sekundar.

Når alarmen stoppar, så kjem det ei datastemme som gjer beskjeden: "sms okay" og då ringjer sendaren opp vaktsentralen.

Samtidig sender den ei sms melding til vaktsentralen der ID nr. på apparatet vert vist. Då veit dei kven som eig sikringsradioen.

2. Når vaktsentralen svarar så prøver du å gje desse opplysningane:

     a. Kven du er.

     b. Kor du er.

     c. Kva skade du har.

     d. Kva hjelp du må ha ( lege, ambulanse, legehelikopter el. anna)

3. Viss det er andre i nærheten som har høyrt nødmeldinga, så er dei pliktig til å hjelpa til med:

     a. Førstehjelp.

     b. Organisera transport fram til veg ( i samarbeid med vaktstasjonen).

     c. Plassera lokalkjende folk på dei rette plassen slik at hjelpa kan koma fram.

4 VIKTIG. Viss du hører ein spesiell ringelyd på sikringsradioen, så er det vakstasjonen som vil ha kontakt med dei som er på ulykkestaden.

FOR Å STANSA RINGELYDEN MÅ DEN SOM HØYRER DEN, HALDA SENDARKNAPPEN INNE I 1 SEKUND OG SÅ SLEPPA DEN.  Då opnar ein sendaren, slika at personane på vaktstasjonen kan snakka med dei som treng hjelp.

5. VIKTIG. Når alarmen går skal alle andre samtalar avsluttast.

6. Når helikopteret er i nærleiken, kan ein kontakta dei på nødkanal 1.

Besøkande

Vi har 261 gjester og ingen medlemmar på besøk.

Ny sikringsradio

Viss du vil kjøpa ny sikringsradio, så vil vi anbefala vår lokale forhandlar:

Kambo Kraft, 5590 Etne, 
v/Egil Kambo tlf. 90 59 58 21.

Han har nye på lager og kan også justera eldre sikringsradioar.

Go to top