Vi vil her visa ein biletserie for byggjing av sendaren. Hytta vart bygd heime og køyrd til Blådalsdammen, ilag med resten av utstyret. Derifrå var det brukt helikopter ut til Vardahorga, ca 4 km frå lasteplassen.

                           Sikringsradio 006-picnik
                            Så var det byggjing av radiohytta.

                           Sikringsradio 008-picnik
                       Innvendig vart hytta kledd med furu kryssfiner.

                           Sikringsradio 009-picnik
                    I veggen er det 7 cm Glava isolasjon.

                           Sikringsradio 010-picnik
                     Museband må det også vera.

                           Sikringsradio 012-picnik
                   Vi brukte trykkimpregnert dobbelfalsa kledning.

                           Sikringsradio 014-picnik
                    Isolert dør i kryssfiner og epoxybehandla.

                           Sikringsradio 015-picnik
Vi fekk frakta opp forskaling, turrbetong, boremaskin og anna utstyr.

                           Sikringsradio 016-picnik
                          Straks før transporten til fjells.

                           Sikringsradio 017-picnik
                         Urdabotnvatnet sett frå lufta.

                           Sikringsradio 018-picnik
Staffivatnet  og Ågotelva i bakgrunnen. Vi går opp til sendaren i høgre side.

                           Sikringsradio 019-picnik
Der borte skal visst sendaren monterast, alt landskap ser heilt likt ut frå lufta.

                          Sikringsradio 020-picnik
                    Langt der nede ser vi Omvikedalen.

                          Sikringsradio 001-picnik
Vi bora 26 hol til alle boltane. Bjørn Helge Skåle gjer klar for å støypa fast
armeringsjern.

                          Sikringsradio 002-picnik
Så er alt på plass og betongen kan herda. Ramma held boltane til hytta i  rett posisjon.

                          Sikringsradio 022-picnik
                   Hytta er snart klar og taket skal monterast.

                          Sikringsradio 025-picnik
Eit lag kryssfiner og fleire lag med glassfiber + toppcoat.

                          Sikringsradio 027-picnik
                 Laderegulator og sikringspanel.

                          Sikringsradio 029-picnik
På dette bordet skal sendarutstyret stå. Kablar og lakk er ordna.

                          Sikringsradio 030-picnik
17. august var ein nydeleg dag. Vi var på Blådalsdammen kl.05.30 med
 resten av utstyret og var oppe på Vardahorga kl. 07.35.

                          Sikringsradio 031-picnik
          Utsikten måtte berre nytast. Vi ser sørover mot Haugesund.

                          Sikringsradio 032-picnik
 Vi ventar på helikopteret. Frå venstre Bjørn Helge Skåle, Gunnar Henning Bakka og Jan Eirik Vågen. Ståle Eik tok bilete.

                           Sikringsradio.12 -picnik
             Det er ikkje alle dagar det er så bra ver her oppe.

                           Sikringsradio.14 -picnik
                           Ståle Eik studerar landskapet.

                           Sikringsradio.18 -picnik
                          Kl. 08.00 kom hivet med utstyr.

                           Sikringsradio.21-picnik
                            Masta og stigen var med .

                           Sikringsradio.23-picnik
    Toppen av fundamentet vert dekka med pappshingel.

                           Sikringsradio.27-picnik
     Då er det spennande om vi klarar å setja hytta ned på boltane.

                           Sikringsradio.28-picnik
                    Det gjekk bra og hytta er på plass.

                           Sikringsradio.29-picnik
  Vi har vore oppe i mange timar og nå smakar det godt med mat.
  Frå venstre Ståle, Gunnar Henning og Jan Eirik.

                           Sikringsradio.31-picnik
              Forskaling, stropper og boss vert frakta ned frå fjellet.

                           Sikringsradio.34-picnik
                               Flott måte å frakta utstyr på.

                           
                                        

                            Sikringsradio.45-picnik
Vi laga sjølve ei ramme i aluminium, til å festa solcellepanelet på.

                           Sikringsradio 033-picnik
Gunnar Henning festar antenna. Ståle og Bjørn Helge står klar til plassera
masta på fundamentet.

                           Sikringsradio.41-picnik
                Masta står på 4 syrefaste boltar på 20 mm.    

                           Sikringsradio.44-picnik
               Alle barduner er også i syrefast stål.         

                           Sikringsradio.54-picnik
Anntennekabelen vert lagt i UV bestandig slange og stripsa fast til masta.

                           Sikringsradio.65-picnik
           Her kom det nokon som lurde på kva vi heldt på med.

                           Sikringsradio.66-picnik
          Spesialbatteri som held sendaren i drift, tilsamen 915 ah.

                           GSM 005-picnik
           GSM modulen til venstre og sendaren til høgre.

                           Sikringsradio 043-picnik
           Kl.16.00 var alt klart for testing og vi var på "lufta".

                           Sikringsradio 044-picnik
    Det var ein del samtaler over sikringsradioen, før vi gjekk heim.

                           Sikringsradio 047-picnik
           Solcellepanelet gjer jobben sin, 3 stk 85 watt.

                           Sikringsradio 051-picnik
             Vi måtte gå rundt å ta nokre bilete og var nok litt stolte.

                           Sikringsradio 055-picnik
          Det må vera mange barduner, til ein så verhard plass. 

                           Sikringsradio 068-picnik
                  GSM anntenne til telefondelen på sendaren.     

                           Sikringsradioen 022-picnik
        Var ein tur på Vardahorga 11. november, i eit nydeleg ver.                           

Besøkande

Vi har 23 gjester og ingen medlemmar på besøk.

Ny sikringsradio

Viss du vil kjøpa ny sikringsradio, så vil vi anbefala vår lokale forhandlar:

Kambo Kraft, 5590 Etne, 
v/Egil Kambo tlf. 90 59 58 21.

Han har nye på lager og kan også justera eldre sikringsradioar.

Go to top