Det vart halde årsmøte i ovannemnde lag i Omvikdalen Oppvekstsenter, tysdag 21. februar 2012 kl. 20.00.

Saker som skulle handsamast:
1.    Godkjenning av innkalling og sakliste
2.    Val av møteleiar, referent og to til å skriva under protokollen
3.    Årsmelding
4.    Rekneskap
5.    Budsjett
6.    Val
7.    Medlemskontingent
8.    Orientering om korleis sendar og nødsamband verkar
9.    Innkomne saker
10.  Eventuelt
11.  Vurdera om vi skal kjøpa utstyr for ekstra lading av batteria

Det møtte fem medlemer til årsmøtet.

Sakliste:
1. Innkalling og sakliste vart godkjent. Innkalling vart gjort via SMS til ca. 100  medlemer. Nokre fekk e-post, 2-3 medlemer fekk innkalling og årsmelding pr. post. I den originale saklista er ikkje nummereringa logisk (skrivefeil).   

2. Jan Erik vart vald til møteleiar, Bjørn Helge til skrivar og Olav Hjetland Bringedal og Bjarte Naterstad til å skriva under møteboka.

3. Årsmeldinga vart godkjent. Årsmeldinga vart utlagt på heimesida til laget den 6. februar og kunne skrivast ut derifrå. Dei frammøtte hadde lese årsmeldinga på førehand, og det kom ikkje ynskje om gjennomlesing.

4. Rekneskapen vart godkjent. For å få startkapital i laget hadde kasserar Bjarte Naterstad fått låna midlar hos Guddalsdalen elveigarlag. Etterkvart kom det inn tilskot frå offentlege og private sponsorar slik at dette vart attendebetalt. Det ligg enno søknader om midlar ute hos nokre mogelege bidragsytarar som vi ikkje har fått svar på. Rekneskapen syner ei gjeld på ca. kr 30.000. Det er venta inn ei SMIL-løyving på kr 10.000 med det første.
SKL Produksjon sitt bidrag i form av mast, helikoptertransport og diverse utstyr syner ikkje i rekneskapen. Heller ikkje dugnad frå medlemene.

5. Budsjett. For å dekka ordinære driftsutgifter som telefon, kontorutgifter, bil/reise og ymse materiell vart det kalkulert med ca. kr 3.000 til dette. På inntektssida viser vi til punkt 7. i saklista.

6. Val. På stiftingsmøte i desember 2010 vart begge styremedlemene valde inn for same periode, noko som ikkje var heldig. Det vart på årsmøte bestemt at Bjørn Helge Skåle skulle står på val i år.
Det nye styret vart samansett slik:
Leiar:        Jan Erik Vågen, attval
Skrivar:     Bjørn Helge Skåle, attval
Kasserar:    Bjarte Naterstad, ikkje på val
Vara:        Olav Hjetland Bringedal, attval

7. Medlemskontingent. I tillegg til den sentrale innkrevjinga av konsesjonsavgift kan lokale sikringsradiolag pålegga medlemene avgift som skal dekka drifta av det lokale laget. Det var ynskje frå årsmøte at Sikringsradioen sentralt stod for innkrevjinga. Det må undersøkjast om det er mogeleg å få til ei slik ordning. Det vart vedteke å innføra ein medlemskontingent på kr 50 pr. apparat. Dette gir ei inntektsside i budsjettet på bortimot kr 10.000.

8. Jan Erik orienterte korleis sendar og nødsamband fungerer. Det vart sendt ein test på nødsambandet, men grunna ustabilt GSM-samband lukkast det ikkje første gongen.

9. Det var ikkje kome inn ynskje om å få behandla andre saker på årsmøte.

10. Ingen hadde noko å ta opp under eventuelt.

11. Grunna problema med lading i vinter ville styret leggja fram for årsmøte mogelege forslag til løysing. Vi har alternativa med fjernstyrt aggregat, vindmølle og brenselcelleaggregat. Alle alternativa vil verta kostbare, oppimot kr 50.000 inkl. mva. Det vart vedteke å gå for brenselcelleaggregat. For å realisera dette må vi ha meir pengar på konto. Det bør søkjast enno ein gong på den lokale sparebankstiftinga si utdeling av midlar i inneverande år. Dei som fekk tildelt midlar frå fondet i haust fekk monaleg store summar; kanskje kan vi få ein sum som dekkjer investeringa?
Om vi ikkje får realisert tiltaket i 2012, er vi innstilt på at ei omarbeiding av solcellepanela kanskje kan fungera godt nok komande vinter.

Møtet slutt kl. 21.40.


Bjørn Helge Skåle, referent


Til å skriva under møteboka:


   Olav Hjetland Bringedal                   Bjarte Naterstad

Besøkande

Vi har 158 gjester og ingen medlemmar på besøk.

Ny sikringsradio

Viss du vil kjøpa ny sikringsradio, så vil vi anbefala vår lokale forhandlar:

Kambo Kraft, 5590 Etne, 
v/Egil Kambo tlf. 90 59 58 21.

Han har nye på lager og kan også justera eldre sikringsradioar.

Go to top