På vår sendar har vi 3 stk solcellepanel, kvar på 85 watt. Det er montert 3 stk 315 ah Concordbatteri. Viss batteria er fullada, skal sendaren ha straum nok i 2 mnd, utan
lading.

I vinter har det vore mykje nedbør og dårlege forhold på fjellet. Solcellepanel får eit
snø- og islag på 3 cm. Då vert det dårleg lading. Til sommaren skal vi byggja om feste
for solcellepanela. Dei skal senkast 15 - 20 cm slik at vi ikkje får skugge på dei, når sola
står høgt på himmelen. 20% skugge på panela kan senka ladinga med opp til 80%.


Panela skal også monterast loddrett på veggen. Då håpar vi at snøen dett lettare av. Vi
har også sett på 3 løysingar for tilleggslading av batteria. Det er nok vinteren som er det
store problemet. Sommarhalvåret er det rikeleg med straum.
Her er løysingane vi har sett på:

 

1. Straumaggregat.

Vi såg først på straumaggregat. Tenkte då på Honda EU 30 is:

 

                                 Honda straumaggregat-picnik

 

Med 2 x 60 A ladarar vert batteria snart fulle. Prisen for komplett annlegg vert snart
mellom kr 30000,- til 40000,-.

Problemet er at det er vanskeleg å koma opp til sendaren om vinteren. Derfor vert
det ei dårleg løysing for oss. Her står det meir om desse aggregata:
http://www.berema.no/Aggregater/Stromaggregater/EU.aspx .

Då er denne løysinga litt enklare:

 

                                 Tec 29-picnik

Dette aggregatet kan fjernstyrast over GSM telefon. Det vert nok noko dyrare,
samt at ein må ha eit ekstra mobilabonnement.

Det har også Honda motor og er også bra  produkt, men må eit ekstra startbatteri.
Det må også haldast vedlike.

Her er meir info: http://www.hyttetorget.no/getfile.php?mmfileid=7341106 .

 

2. Vindmølle.

Vanlege vindmøller går det ikkje an å bruka på Vardahorga. Vinden er for sterk
og det vert snart øydelagt. Då er denne vindmølla eit bra alternativ:

 

                             Windside-picnik

 

Den tåler mykje vind og har lang levetid. Også den kan frysa fast om vinteren,
men startar opp så snart isen tinar.

Men prisen vert på over kr 70000,-. Les meir om vindmøller her:
http://www.windside.com/products/ws-0_15 .

Du kan også sjå her: http://www.getek.no/vindgenerator_produkter.html .

 

3. Brenselcelle.

Vi har også sett på denne løysinga:

                             Smart fuel-picnik

Når batteria kjem under eit visst anntal volt, startar den opp ladinga. Ein slepp
å vera oppe på sendaren, for å starta opp systemet.

Brenselcella brukar metanol og ei kanne på 29 liter kan halda i 1 - 2 år. Dette kan
også vera ei bra løysing. Prisen vert ca. kr. 50000,-.

Etter nokre tusen brukstimar må brenselcella skiftast. Kostnad vert ca kr. 25000,-.
I tillegg må det fraktast opp metanol.

Du kan lesa meir om systemet her: http://www.powercontrols.no/html/smart_energy_station.html .

 

Vi har nå bestemt oss for å satsa på brenselcelle. Men vi må først få inn meir
penger, før vi kan kjøpa utstyret.

Besøkande

Vi har 52 gjester og ingen medlemmar på besøk.

Ny sikringsradio

Viss du vil kjøpa ny sikringsradio, så vil vi anbefala vår lokale forhandlar:

Kambo Kraft, 5590 Etne, 
v/Egil Kambo tlf. 90 59 58 21.

Han har nye på lager og kan også justera eldre sikringsradioar.

Go to top