Sikringsradioen 126 800x600

Gjennomsnakkstasjonen på Vardahorga har snart vore i drift i eit år. Det meste har vore
bra. Sendaren har gjordt jobben sin og har berre vore ute av drift under testing.
GSM modulen har vore litt ustabil, men vi trur vi skal få orden på det. Feilen kjem under
test av ladinga.

Master og hytta har klart den tøffe vinteren. Når snøen forsvinn, skal vi sjekka alt utstyret.

Vi har ikkje fått noko avtale med vaktsentral endå. Nå har styret vakt på sin telefon. Dette
er ikkje god nok ordning.

Det vert jobba med fleire løysingar og vi håpar snart å få til ei ordning .

Her er noko av det som vi vil gjera i sommar:

1. Få ei betre vaktordning for nødsambandet, d.v.s. at når ein startar alarmen
    på sikringsradioen så går den direkte til vaktsentralen.
    25.07.2012. Nå er vi kopla opp mot Bergen 110 og alt skal vera testa og i orden.


2. Kjøpa brenselcelle og montera den. Vi var nede på 11,4 volt i januar, men fekk
    reinska solcellepanela for snø og is. Då fekk vi etter kvart lading på batteria.
    Brenselcella vert innstilt på å starta ladinga ved 11,6 volt. Då slepp
ein å gå opp 
    til sendaren om vinteren.
    14.07.2012. Brenselcella er kjøpt og vert montert seinare i sommar.
    22.09.2012. Nå er brenselcella montert og sett i drift.

    
    

3. Innstallera ny programvare på GSM moduler. Her ligg noko av feilen med GSM.
    Vi må ha med ein PC opp til sendaren.
    14.07.2012. Programmet er oppgradert.


4. Montera ny retningsantenne m/forsterkar, til telefondelen. Då trur vi at feilen
    med GSM skal verta løyst.
    14.07.2012. Ny retningsantenne er montert.


5. Dekka bardunene heilt, med plastrøyr. Då slepp vi å har så mykje is på
    bardunene. Der det var plastrøyr hadde vi lite is, men på resten var det 20 cm .
    Det vil spara bardunene for ein del slitasje.
    21.09.2012. Det er montert nye plastrøyr, som dekkar bardunene heilt til toppen av
    masta.


6. Solcellepanela skal senkast 20 cm  og monterast heil loddrett på veggen. Då vil
    vi få betre lading og mindre is på panelet.
    21.09.2012. Nå er solcellepanela seinka og montert loddrett.

 

7. Testa meir kva området sendaren dekka. Vi ynskjer også melding frå andre,
    korleis signala er. Ta gjerne kontakt med ein i styret.

 

Besøkande

Vi har 50 gjester og ingen medlemmar på besøk.

Ny sikringsradio

Viss du vil kjøpa ny sikringsradio, så vil vi anbefala vår lokale forhandlar:

Kambo Kraft, 5590 Etne, 
v/Egil Kambo tlf. 90 59 58 21.

Han har nye på lager og kan også justera eldre sikringsradioar.

Go to top