Referat frå årsmøte i Ytre Hardanger sikringsradiolag

Det vart halde årsmøte i ovannemnde lag i Omvikdalen Oppvekstsenter, tysdag 12. mars 2013
kl. 20.00.

Saker som skulle handsamast:
1.    Godkjenning av innkalling og sakliste
2.    Val av møteleiar, referent og to til å skriva under protokollen
3.    Årsmelding
4.    Rekneskap
5.    Budsjett
6.    Val
7.    Medlemskontingent
8.    Innkomne saker
9.    Eventuelt

Det møtte fem medlemer til årsmøtet.

Sakliste:
1. Innkalling og sakliste vart godkjent. Innkalling, årsmelding og rekneskap vart sendt på e-post til 106 medlemer. Sju medlemer har ikkje e-post og fekk innkalling, årsmelding og rekneskap pr. post.
Ca. 30 medlemer har stadfesta mottak av e-posten ved å senda «lesebekreftelse» i retur.
    
    2. Jan Eirik vart vald til møteleiar, Bjørn Helge til skrivar, Ingolf Naustvik og Bjarne Berge til å skriva under møteboka. (Referatet / protokollen vert reinskrive etter møtet og underteikna ved eit seinare høve.)

3. Årsmeldinga for 2012 vart godkjent. Årsmeldinga vart i tillegg til å bli sendt medlemene, lagt ut på heimesida til laget. Dei frammøtte hadde lest meldinga på førehand, og det kom ikkje ynskje om gjennomlesing no, men hovudpunkta vart diskutert. Det vart i tillegg orientert om at det dagen før årsmøte måtte nyttast helikopter for å koma opp til sendaren som av ein eller annan grunn hadde vore taus i ei god veke. Antenna og deler av kabelen vart skifta ut, og det hjelpte. Truleg blei kabelen skada då antenna vart blåst ut av stilling natta til 3. mars.

4. Rekneskapen for 2012 vart godkjent. Kasseraren gjekk gjennom rekneskapen og forklåra ein del postar. Rekneskapen syner at laget er gjeldfritt og har nokre kroner på bok.

5. Budsjett for 2013. Ordinære driftsutgifter som telefon, kontorutgifter, utgifter til sambandstesting mot 110-sentralen og drivstoff til brenselcelleaggregatet, var postar på budsjettet utan at beløpa vart konkretisert. Det kom fram tankar om å byggja ein sendar i indre delen av kommunen. Styret vil sjå på mogelegheitene for dette.

6. Val.
Det nye styret vart samansett slik:
Leiar:        Jan Eirik Vågen         attval
Skrivar:     Bjørn Helge Skåle         ikkje på val
Kasserar:    Bjarte Naterstad        attval
Vara:        Olav Hjetland Bringedal    attval

7. Medlemskontingent. I tillegg til den sentrale innkrevjinga av konsesjonsavgift kan lokale sikringsradiolag påleggja medlemene avgift som skal dekka drifta av det lokale laget. Det vart vedteke å krevja inn kontingent om det skulle bli behov for å styrkja økonomien.

8. Det var ikkje kome inn ynskje om å få behandla andre saker på årsmøte.

9. Ingen hadde noko å ta opp under eventuelt.


Møtet slutt ca. kl. 21.40.


……………………………
Bjørn Helge Skåle, referent

Besøkande

Vi har 51 gjester og ingen medlemmar på besøk.

Ny sikringsradio

Viss du vil kjøpa ny sikringsradio, så vil vi anbefala vår lokale forhandlar:

Kambo Kraft, 5590 Etne, 
v/Egil Kambo tlf. 90 59 58 21.

Han har nye på lager og kan også justera eldre sikringsradioar.

Go to top