Ytre Hardanger sikringsradiolag vart stifta 9. desember 2010 og registrert i BrønnøysundregisteretTur til Vardahorga 013-picnik

10. januar 2011. Ytre Hardanger sikringsradiolag er tilslutta Sikringsradioen sentralt.

Laget har fått byggjeløyve for å montera ein sendar på Vardahorga 1056 m.o.h..  3. des. 2010 var eg på Vardahorga og testa radioane. Då fekk vi inn sendaren i Etne, Sauda + 3 sendarar i Suldal. Dessutan fekk vi inn sendaren i Ulvik el. Evanger (dei har same kanal). Vi er då tildelt kanal 11. Slik som vi ser det, vil sendaren på Vardahorga dekka mesteparten av Kvinnherad + heile Folgefonna. Deler av Hardangervidda vest og Etnefjellet kan også bruka sendaren.  Område mellom Haugesund og Bergen vil også få bra dekning. Så kan ein stå inne på Folgefonna og f.eks. ha kontakt med Rosendal, via sendaren på Vardahorga. Vi har også fått lovnad om å setja opp ein nødmottakar på Rosendalstunet. Ved nød  held ein inne ein knappen på sikringsradioen i 3 sek., som då løyser ut ein alarm på nødmotakaren. Der kjem det opp eit ID nr., som viser kven som har sendt ut nødmelding. Vakta skal då snakka med den som treng hjelp. Tur til Vardahorga 004-picnikSikringsradioen har også avtale med Luftambulansen, der ein kan bruka kanal 1 til å snakka med helikopteret. I tillegg ligg det inne ein del kanalar som ein kan bruka til å snakka med andre. Sikringsradioen går på VHF frekvensane og når utruleg langt. For å kjøpa ein sikringsradio, må ein søkja om konsesjon. Desse kan få bruka sikringsradio: Aktive jord-og skogbrukarar, brannvesen/ politi/ambulanse, kommunar, oppsyn, leitekorps, tømmerbilar, skifellesskap, turlag mm. Ein bra sikringsradio kostar fråTur til Vardahorga 009-picnik kr. 3600,- og oppover.  Det må også betalast ei årleg avgift til Sikringsradioen sentralt, på kr. 250,- pr. radio. All bruk av radio er gratis.

Vi i sikringsradiolaget meinar at sendaren på Vardahorga vil auka tryggleiken for dei går i utmarka og fjellet. Mobiltelefonen når ikkje langt og dekkar berre små område i fjellet. Satelittelefon kan brukast men er dyr innkjøp og det kostar ca. Kr 3000,- pr. år for abonnement + høg minuttpris ved bruk.

Sendaren med alt utstyr kosta omlag kr. 140000,-. Vi får kr. 20000,- i tilskot frå staten. Resten må vi skaffa sjølve. Ytre Hardanger sikringsradiolag har søkt om midlar hos bankar, lag og fond mm. Viss alt går greitt så håpar vi å få montert sendaren på Vardahorga, før sommaren. Bilete nr 1 viser der sendaren skal stå, med Rosendalsfjella i bakgrunnen. På andre bilete ser vi inn på Folgefonna og siste bilete er mot Bjoa/Haugesund.

( Denne artikkelen vart laga i januar 2011).

JE  

Besøkande

Vi har 615 gjester og ingen medlemmar på besøk.

Ny sikringsradio

Viss du vil kjøpa ny sikringsradio, så vil vi anbefala vår lokale forhandlar:

Kambo Kraft, 5590 Etne, 
v/Egil Kambo tlf. 90 59 58 21.

Han har nye på lager og kan også justera eldre sikringsradioar.

Go to top