Sendaren står på Vardahorga 1056 m.o.h. Den vart montert og sett i drift 17. august 2011. Sendaren dekkar store deler av Folgefonna, litt av Hardangervidda Vest, Etnefjellet, mesteparten av Kvinnherad og område utover mot Haugesund og Bergen. Vi brukar kanal 11. Alle som går i fjellet kan ha nytte av sendaren på Vardahorga. Denne sendaren når også fram, der mobiltelefonen ikkje har dekning. Difor trur vi at det no skal vera tryggare å gå i fjellet.

På denne heimesida vil vi leggja ut litt informasjon om laget og sendaren. Sendaren står på Vardahorga 1056 m.o.h.

Den vart montert og sett i drift 17. august 2011. Sendaren dekkar store deler av Folgefonna, litt av Hardangervidda Vest, Etnefjellet, mesteparten av Kvinnherad og område utover mot Haugesund og Bergen. Vi brukar kanal 11.

Alle som går i fjellet kan ha nytte av sendaren på Vardahorga. Denne sendaren når også fram, der mobiltelefonen ikkje har dekning. Difor trur vi at det nå skal vera tryggare å gå i fjellet.

Vi har også avtale med Etne sikringsradiolag om å få bruka den sendaren, der vår sendar har dårleg dekning. Dei har kanal 12.

Sendaren på Vardahorga er kopla opp mot Bergen 110. Alle nødalarmar på kanal 11 går til dei.

Besøkande

Vi har 254 gjester og ingen medlemmar på besøk.

Ny sikringsradio

Viss du vil kjøpa ny sikringsradio, så vil vi anbefala vår lokale forhandlar:

Kambo Kraft, 5590 Etne, 
v/Egil Kambo tlf. 90 59 58 21.

Han har nye på lager og kan også justera eldre sikringsradioar.

Go to top