Vi vil her visa ein biletserie for byggjing av sendaren. Hytta vart bygd heime og køyrd til Blådalsdammen, ilag med resten av utstyret. Derifrå var det brukt helikopter ut til Vardahorga, ca 4 km frå lasteplassen.
Så var det byggjing av radiohytta.
Innvendig vart hytta kledd med furu kryssfiner.
I veggen er det 7 cm Glava isolasjon.
Museband må det også vera.
Vi brukte trykkimpregnert dobbelfalsa kledning.
Isolert dør i kryssfiner og epoxybehandla.
Vi fekk frakta opp forskaling, turrbetong, boremaskin og anna utstyr.
Straks før transporten til fjells.
Urdabotnvatnet sett frå lufta.
Staffivatnet og Ågotelva i bakgrunnen. Vi går opp til sendaren i høgre side.
Der borte skal visst sendaren monterast, alt landskap ser heilt likt ut frå lufta.
Langt der nede ser vi Omvikedalen.
Vi bora 26 hol til alle boltane. Bjørn Helge Skåle gjer klar for å støypa fast
armeringsjern.
Så er alt på plass og betongen kan herda. Ramma held boltane til hytta i rett posisjon.
Hytta er snart klar og taket skal monterast.
Eit lag kryssfiner og fleire lag med glassfiber + toppcoat.
Laderegulator og sikringspanel.
På dette bordet skal sendarutstyret stå. Kablar og lakk er ordna.
17. august var ein nydeleg dag. Vi var på Blådalsdammen kl.05.30 med
resten av utstyret og var oppe på Vardahorga kl. 07.35.
Utsikten måtte berre nytast. Vi ser sørover mot Haugesund.
Vi ventar på helikopteret. Frå venstre Bjørn Helge Skåle, Gunnar Henning Bakka og Jan Eirik Vågen. Ståle Eik tok bilete.
Det er ikkje alle dagar det er så bra ver her oppe.
Ståle Eik studerar landskapet.
Kl. 08.00 kom hivet med utstyr.
Masta og stigen var med .
Toppen av fundamentet vert dekka med pappshingel.
Då er det spennande om vi klarar å setja hytta ned på boltane.
Det gjekk bra og hytta er på plass.
Vi har vore oppe i mange timar og nå smakar det godt med mat.
Frå venstre Ståle, Gunnar Henning og Jan Eirik.
Forskaling, stropper og boss vert frakta ned frå fjellet.
Flott måte å frakta utstyr på.
Vi laga sjølve ei ramme i aluminium, til å festa solcellepanelet på.
Gunnar Henning festar antenna. Ståle og Bjørn Helge står klar til plassera
masta på fundamentet.
Masta står på 4 syrefaste boltar på 20 mm.
Alle barduner er også i syrefast stål.
Anntennekabelen vert lagt i UV bestandig slange og stripsa fast til masta.
Her kom det nokon som lurde på kva vi heldt på med.
Spesialbatteri som held sendaren i drift, tilsamen 915 ah.
GSM modulen til venstre og sendaren til høgre.
Kl.16.00 var alt klart for testing og vi var på "lufta".
Det var ein del samtaler over sikringsradioen, før vi gjekk heim.
Solcellepanelet gjer jobben sin, 3 stk 85 watt.
Vi måtte gå rundt å ta nokre bilete og var nok litt stolte.
Det må vera mange barduner, til ein så verhard plass.
GSM anntenne til telefondelen på sendaren.
Var ein tur på Vardahorga 11. november, i eit nydeleg ver.
Vi har 363 gjester og ingen medlemmar på besøk.
Viss du vil kjøpa ny sikringsradio, så vil vi anbefala vår lokale forhandlar:
Kambo Kraft, 5590 Etne,
v/Egil Kambo tlf. 90 59 58 21.
Han har nye på lager og kan også justera eldre sikringsradioar.