Sikringsradio 055 picnik

Her vert det lagt ut diftsmeldingar og ting som vert gjordt med sendaren. Før du drar ut på tur, test radioen og høyr om sendaren er i orden.

Trykk inn sendarknappen og slepp den igjen, så vil du høyra ein suselyd i 2-3 sekundar. Då tyder det på at sendaren er i orden. Viss GSM nettet ikkje er i orden, får du ein beskjed på engelsk, når du testar sendaren . Sendaren sender automatisk ut "gsm okay", når nettet er i orden.

Her er lista over det som er gjordt på sendaren:

08.10.2017. Vi fekk desverre ikkje ordna støyen. Var den samme i dag. Laderegulatoren opna sendaren med visse mellomrom, fram til at ladinga kjem over 13 volt. Vidare oppover er det stillt. Så støyen går ikkje via straumkabel, men det må vera ei radiobølge. Meldinga "Alarm supply" fekk vi ordna med i går, så den er i borte.

07.10.2017. Vi var oppe på sendaren i dag og oppdaterte programvara til versjon 1.7.8. Har hatt litt støy på sendaren i det siste. Etter anbefaling frå Sunwind har vi nå montert galvanisk skillerele mellom batteria og radioen. Sendaren var ute av drift eit par gonger, medan vi jobba med den. Har ikkje hatt noko støy etterpå, men vil venta nokre dagar, før vi veit meir. Fekk også skifta ei bardun mm. Det var litt snø og vinter på fjellet. Her er nokre bilete frå turen.

SAM 1482 2
                                            Kvinnherad sitt svar på Trolltunga.

 

SAM 1488 1
                                                                Haust.

 

SAM 1489 1
                                                                Vinter.

 

SAM 1493 1
                                               Oppdatering av programvara.

 

SAM 1495 1
                                       Det blå skillerele er montert på veggen.

 

SAM 1498 1
                                                     Skifting av bardun.

 

SAM 1502 1
                                             Då var det tid for å gå heim.

01.10.2017. Har fått meir støy på sendaren. "Tikkelyden" kjem oftare, gjerne kvart 3 sek. I tllegg kjem meldinga "Alarm Supply" kvar 40 sek. Dette er ein irriterande støy, som vi lyt prøva å få fjerna. Undersøkjer meir denne veka. 

27.09.2017. Reidun og JE var oppe på sendaren i dag. Hadde med PC og oppdaterte programvara i telefonoverdraget. Bjørn Helge testa sendaren mot Bergen 110. Det fungerte bra. Sjekka brenselcella og starta den. Forbruket siste året er på 9,5 liter metanol. Såg at mastbarduna mot sørvest hadde slitna, ved feste i berget. Det er seinskade frå lynnedslaget for snart 3 år sidan. På grunn av sterk vind og mangel på verktøy, vart ikkje barduna skifta i dag. Det vert ein ny tur til Vardahorga.

SAM 1478 1
              7,5 liter metanol igjen. Nederste blå strek var på samme tid i fjor, med 17 liter.

10.09.2017. Sjekka ladinga i dag. 14,3 volt og sola var framme.

13.07.2017. Sjekka ladinga i dag kl. 19,10. Batterispenninga er 13,2 volt. Delvis skya, så solcellepanela får ikkje full effekt.

30.01.2017. Sjekka ladinga i dag kl. 11.00. Batterispenninga er 14,4 volt. Sol og det ser ut for at solcellepanela er fri for snø og is.

21.01.2017. Sjekkar sendaren kl.21.20 i kveld. Batterispenninga er på 12,4 volt.

10.12.2016. Sjekka sendaren kl. 19.05 i kveld. Batterispenninga er på 12,5 volt.

22.10.2016. Sjekka sendaren kl. 07.10 i dag. Batterispenninga var 12,6 volt.

13.09.2016. Bjarte Naterstad og JE var oppe og sjekka sendaren i dag. Skifta ei bardun, som var feil i. Det viste seg vi hadde fått feil type, då den rusta. Vi skifta til syrefast, så nå er den ordna. Fekk montert metanolkanne nr 2, så nå kan brenselsella gå i 2 - 3 år, utan etterfylling. Trur vi har brukt under 10 liter det siste året. Elles sjekka vi ladinga, ved å starta brenselcella. Trur at alt skal vera i orden. Såg ein del sau i fjellet.

SAM 1171 800x600
                                                 Bjarte skifta bardun.

 

SAM 1173 800x600
                                                   Klar for å gå heim.

 

SAM 1176 800x600
                                                      Haust i fjellet.

 

SAM 1177 800x600
                                                        Urdabotnvatnet.

30.08.2016. Sjekka batteria kl. 19.00. 12,7 volt og det er bra på kveldstid.

18.08.2016. SKL frakta opp 2 kanner metanol til sendaren. Vi skal opp litt seinare i haust og kopla dei til brenselcella.

16.05.2016. Testa straumen på sendaren i dag. Ladinga var kl.18.10, på 13,3 volt. Ser ut for att alt er i orden.

17.03.2016. Testa sendaren i dag. Ladinga var på 14,4 volt, så då ladar den via solcellepanelet.

29.01.2016. Sendaren har klart seg seg bra i stormen Tor. Alt fungera som det skal. Har hatt kraftig vind der oppe i ettermiddag. Ser at Kvitegga har hatt opp i 55 m/sek på det sterkaste. Så det har nok vore heftig på Vardahorga også.

06.01. 2016.  Ser ut for at alt er i orden på sendaren, etter alt ruskeveret som vi har hatt. Testa den i kveld og batterispenninga er 12,5 volt.

13.12.2015. Kl. 13.00 var batteria på 12,7 volt, så då starta ladinga. Alt ser ut for å virka greitt. Så viss du har sikringsradio, så må du gjerne bruka sendaren. Ved tidlegare test har vi snakka over sendaren, frå Åkra til Ulriken. Vi ynskjer gjerne tilbakemelding om dekningsforhold, både frå Kvinnherad og andre kommunar.

14.11.2015. Det ser ut for at sendaren fungerar greitt. Ferrittringar gjorde ingen merkbart forandring. Når ladinga frå solcellepanela startar, høyrest det ut som einkvan testar om det er dekning. Dette varer frå nokre minuttar og opp til ein halv time. Elles er det stillt. Ein kan snakka over repeateren, utan noko problem. Har også testa sendaren ved å ringa opp til den. Alt fungerar greitt, så nå vert det ikkje gjordt noko meir i vinter. Håpar vi slepp torever i område.

 27.10.2015. Var oppe på sendaren i dag og monterte 2 ferrittringar på inn - og utkablane til laderegulatoren. Har ikkje høyrt støy etterpå. Men vil venta nokre dagar, før eg er sikker. Her er link til ferrittringar: Sparelys.

SAM 0866 800x600
                     Her er ferrittringane montert. Dei skal dempa støy.

22.10.2015. Har nokre periodar, der det høyrets ut som sendaren vert opna. Elles er den heilt roleg. Sendaren fungerar greitt, men vi har bestillt støydempingsdeler. Håpar å få montert det i neste veke. Men uansett så er sendaren mykje rolegare nå.

18.10.2015. Var oppe til sendaren i går i eit nydeleg ver. Var støy på sendaren. Eg slo av automatsikringen mellom laderegulator og batteri. Då stilna støyen. Målte volt og amper på solcellepanela. Den var ca. 20,5 volt og 4,3 A. Det er bra. Skifta til ny type laderegulator, ProStar 30.Hadde ingen støy på sendaren. Testa mot Bergen 110 og det gjekk greitt. På veg heim start sendaren med å slå seg på kvart 3 sek. Det gav seg etter 2- 3 min. Sendaren oppførte seg fint resten av dagen. Det var ein del personar som var innpå og testa. Slo på ein radio kl. 09.00 i dag. Då starta sendaren med å opna kvart 3. sek. Etter ein halv time slutta det og sendaren fungerar bra. Veit ikkje kva som starta dette, men skal undersøkja i morgon.

SAM 0857 800x600
                                             ProStar 30 laderegulator.

15.10.2015. Desverre så er det fortsatt støy på sendaren. Støyen startar om kvelden og held på til langt ut på føremiddag. Vi skal nå testa 2 nye laderegulatorar, samt måla solcellepanela om dei er i orden. Viss vi får utstyret i morgon, så kanskje det vert ordna før helga.

14.10.2015. Idag var Reidun og JE oppe på sendaren. Fekk støy på den i gårkveld og i dag tidleg. Måtte forandra stillingen på 3 mikrobrytarar, på laderegulatoren. Det vart også montert ein skjerm i alu. over regulatoren. Den vart jorda til eine fundamentbolten på hytta. Desse boltane er støypt fast i fjellet. Justerte også SQL på sendardelen. Testa sendaren og alt fungerte bra. Vert spennande å sjå om støyen er vekke. Viss ikkje så må ein sjå om det er feil på laderegulatoren el. eit solcellepanel.

SAM 0844 800x600
                            Her ser ein innstillingane på mikrobrytarane.

SAM 0846 800x600
                                         Laderegulatoren.

SAM 0848 800x600
                              Dekselet er montert over regulatoren.

SAM 0845 800x600
                                 Det er jorda på eine fundamentbolten.

SAM 0854 800x600
    Slik vart det. Dekselet er montert slik at det kan skyvast opp og takast vekk.

SAM 0852 800x600
                                         Flott ver over fonna.

SAM 0853 800x600
                             Eg var ikkje åleine på fjellturen.

13.10.2015. Var idag oppe på sendaren, ilag med 2 frå Frekvenskontrollen. Etter grundig testing, fann dei feilen. Laderegulatoren til solcellepanela sender signaler til radiodelen. Sendaren er nå midlertig innstillt, slik at ein slepp støyen. Der det er dårlege forhold, kan det vera vanskleg å bruka radioen. Dette vert ordna i løpet av veka. Det er ein mikrobrytar for strålingsfilteret i laderegulatoren, som står i feil stilling. Karane frå Frekvenskontrollen gjorde ein ein kjempebra jobb. Likeins Åshild frå Fonnafly.

SAM 0832 800x600
                                          Landingsplassen.

SAM 0835 800x600
                             Det trengs ein del utstyr til feilsøking.

SAM 0836 800x600
                       Flinke karar, Øystein Bakke og Åsgeir Henriksen.

SAM 0843 800x600
                  Dei raude mikrobrytarane stå til høgre i laderegulatoren.

SAM 0838 800x600
                                                   Haust.

SAM 0837 cr 800x659
                                              Klar for å reisa heim.

 08.10.2015. Det er fortsatt mykje støy på sendaren. Vi jobbar vidare med problemet og det er nå fleire som er leitar etter feilen. Det er lagt opp ein plan for arbeidet vidare. Vi kjem tilbake med fleire opplysningar, når vi veit meir.

04.10.2015. Frekvenskontrollen er nå i Rosendal og leitar etter støykjelda. Elles har vi hatt ein del testar på sendaren, for å sjekka om det er andre ting som lagar støy. Men kan ikkje finna noko feil med utstyret på Vardahorga.

27.09.2015. Denne helga har vi hatt mykje støy på sendaren. Det starta fredagsmorgon og det er nå er det 3. dagen den held på. Det går an å snakka over sendaren, men er ikkje sikker på om nødsystemet virkar. Etter avtale med frekvenskontrollen, fører vi nå logg på kva tider støyen kjem og forsvinn. Dei hadde eit søk sist veke, men må nok opp på sendaren for å peila. Vi må vera sikker på at støyen held på, når dei reiser opp til Vardahorga.

29.08.2105. Ser ut for at det har vore mindre støy på sendaren i det siste. Vi veit at det er digital støy og at den er vanskeleg å finna. Elles har vi testa sendaren med radio, som har innebygd GSM-modul. Det virkar bra og Bergen 110 får opp GPS- koordinata på skjermen. Så viss ein brukar slik radio ved nød, så veit 110 sentralen kor radioen og brukaren er.

10.07.2015. Dessverre så kom støyen igjen i går. Frekvenskontrollen søkte etter støykjelda, både i går og i dag. Har ikkje fått tilbakemelding frå dei endå. Håpar vi snart får kontroll over dette problemet.

04.07.2015. Var oppe på sendaren og sjekka alle innstillinga og utstyr. Helge Karlsen gjorde ein kjempeflott jobb med support, over telefonen. Har slete med støy, når vi sender servicemelding. Fekk reset sendaren og det vart i orden. Den andre støyen som vi har slete med, har ikkje vore her dei 2 siste vekene. Frekvenskontrollen vil framleis leita etter støykjelda. Elles så skal sendaren vera i orden. Legg ved link til ein videosnutt: Panorama på Vardahorga.

Her er nokre bilete frå turen i dag:

SAM 0566 800x600
                                       Her starta eg turen.

SAM 0567 800x600
                                                  Jamtevatnet.

SAM 0568 800x600
                                              Bratt inn dalen.

SAM 0572 800x600
                                         Mur etter stølshus.

SAM 0586 800x600
                                              Mykje snø.

SAM 0587 800x600
                              Sendaren har hatt ein tøff vinter.

SAM 0608 800x600
                          Men utanom lynskader, så har den klart seg bra.

SAM 0596 800x600
                                           Folgefonna i sol.

26.06.2015. Hadde støy på sendaren i går. Frekvenskontrollen gjorde eit nytt forsøk, for å sjekka signala. Støyen slutta kl. 09.00 og dei måtte berre reisa tilbake.

11.06.2015. Vi leitar fortsatt etter feilen med sendaren. Hadde ein test mot Bergen 110 i dag og det var ikkje bra. Har ein del ting vi skal sjå på, både oppe på sendaren og i dekningsområde til den.

02.06.2015. Denne veka har det vore støy på sendaren. Kontoret til frekvenskontrollen er stengt denne veka. Dei er tilbake i neste veke. Vi har jobba ein del med å finna ut om det er andre støykjelder, men har ikkje kome fram til noko løysing. Lyt ta ein tur opp på Vardahorga når snøen forsvinn.

28.05.2015. Frekvenskontrollen var inne i sendaren sitt dekningsområde i går. Fann ikkje ut kor støyen kjem frå. Sendaren var ganske roleg i går. Hadde støy på morgonen i dag, men den forsvann snart. Frekvenskontrollen vil gjera nye forsøk, når støyen kjem tilbake.

21.05.2015. Vi har støy på sendaren og den virkar ikkje slik som den skal. Har undersøkt ein del ting i dag, men har ikkje noko svar på problemet. Frevenskontrollen frå Post- og Teletilsynet vil ta ein tur inn til Kvinnherad i neste veke, for å søkja etter årsak til støyen.

15.05.2015. Då er sendaren i orden. Bjørn Naterstad og JE var oppe og fekk skifta mobilantenna og montert telefonoverdraget. Bjørn Helge tok ein test mot Bergen 110 og det fungerte greitt. Vi beklagar at det har gått så lang tid, før vi fekk alt i orden. Men vi er avhengig av helikopter og ver, samt andre ting. Då tar det lenger tid. Håpar vi ikkje får nye lynskader på sendaren. Alt utstyr inn i hytta er skifta. Dessutan er kabel og antenner nye. Her er ein videosnutt frå turen i dag. Åshild Bryne og Fonnafly har gjordt ein kjempebra jobb med transporten. Her er videosnutte frå YouTube: Retur frå sendaren

SAM 0521 800x600

SAM 0522 800x600

SAM 0523 800x600

SAM 0524 800x600

SAM 0526 800x600

 

11.05.2015. Trur kanskje at vi skal få orden på sendaren i slutten av veka. Veit meir om dette på fredagsmorgon. Hadde tenkt at vi skulle fått ordna dette tidlegare, men vi møtte nokre problem.

1.4.2015. Vi klarde ikkje å få telefonoverdraget i drift til påske. Det er ca 1 time med arbeid oppe på sendaren. Dessutan er vi avhengig av helikopter og bra ver. Viss du går i fjellet, så ta med sikringsradio. Men då må du hugsa på å få ein heime til å lytta på ein annan radio. Du kan snakka over sendaren, med ikkje bruka den raude nødknappen. Hugs at radioane må stå på kanal 11.

13.03.2015. I går fekk Bjørn Naterstad og JE frakta opp 3 nye batteri og brenselcella. Bjørn Helg Skåle hjelpte til med lasting og lossing av batteri, på Fjellhaugen. Åshild Bryne var pilot. Fekk drift på brenselcella og repeateren. Desverre så virkar ikkje telefonoverdraget, så den har vi teke med heim og skal programmerast på nytt. Sendaren kan brukast, men det går ikkje an å senda nødalarm til Bergen 110. Ein vil ikkje høyra at sendaren opnar, når ein trykkjer på sendarknappen på radioen. Men sendaren opnar alikevel. Dette vert ordna når vi får montert telefonoverdraget igjen. Mykje snø i fjellet. Her er 2 videosnuttar frå turen:
Turen opp til Vardahorga.
Tilbake til Fjellhaugen.

Her er nokre bilete frå Vardahorga.

                   SAM 0495 800x600

 

                     SAM 0496 800x600

 

                     SAM 0497 800x600

 

                     SAM 0498 800x600

05.03.2015. Det vart det ingen tur til Vardahorga denne veka. Fekk ikkje tak i rette helikopteret og litt usikker vervarsel gjorde at turen er utsett, endå onsdagen vart bedre enn meldingane. Håpar nå på eit forsøk i neste veke.

27.02.2015. Mandag fekk vi batteria og i dag kom brenselcella, så då håpar vi å få det opp til sendaren i neste veke. Lyt ha bra ver og helikopter til å frakta folk og utstyr. Håpar å få sendaren i drift att i slutten av veka. Desverre så har ting teke altfor lang tid og sendaren skulle ha vore i drift igjen.

12.02.2015. Då er batteri og brenselcelle i bestilling. Kanskje vi klarar å få sendaren  i drift om 2 veker. Er avhengig av helikopter og bra vær.

06.02.2015. Sendaren er desverre fortsatt ute av drift. Vi ventar på at forsikringsselskapet skal godkjenna kjøp av ny brenselselcelle og batteri. Håpar å få ei avklaring snart, då det ikkje er slik vi vil ha det.

23.1.2015. Sendaren er heilt ute av drift. Batteria er skada og må skiftast. Hadde mistanke i går, når vi skifta utstyr der oppe. Har undersøkt om batteri i dag, og vil få det avklart over helga. Desverre så vil det gå ei stund, for vi får alt i orden. Den andre feilen som vi hadde i går kveld, har vi funne. Den er kjapp å ordna.

22.1.2015. Bjørn Naterstad, Torgeir Guddal og JE var oppe på sendaren i dag. Dette vart skifta: Masterbarduna mot aust, antenne + kabel, Vertex 7000 radiosendar, telefonoverdraget og laderegulatoren for solcellepanela. Utstyret var uten straum, når vi kom opp til sendaren. Batteriveggene hadde utvida seg og fått kular. Fekk lada batteria, men er ikkje sikker på om dei kan brukast vidare. På grunn av knapptid fekk vi ikkje justera alt utstyret. Få ikkje noko suselyd når ein trykker inn sendarknappe. Men vi høyrer at det er trafikk over sendaren. Fekk også reinska solcellepanela. Elles fekk vi teke nokre bilete av lynet sine "fingermerke". Idag var det Helitrans som transporterte oss begge vegar. Ein stor takk til Bjørn og Torgeir, som gjorde ein kjempejobb.
Trykk her for å sjå video.

                  SAM 0476 800x600
                                       Barduna slått rett av og flusa seg.

                  SAM 0481 800x600
                     Plastrøyret som dekka barduna har smelta, før lynet kutta vaieren.

                  SAM 0477 800x600
                                          Måtte grava fram feste for barduna.

                  SAM 0478 800x600
                         Svimerke på veggen ved ei mobilantenne som ikkje er i bruk.

                  SAM 0480 800x600
                           Også på veggen mot Fjellhaugen er det merke etter lynet.

                  SAM 0482 600x800
                                                      Tjukk mast.

                  SAM 0483 800x600
                       På hylla til radioutstyret ser ein svimerke, under antennekabelen.

7.1.2015. Ved 2. forsøk klarde vi å koma opp til sendaren, i dag. Skodda låg rundt toppen. Fekk sjekka hytta medan helikopter stod klar for å fyka tilbake. Inne i hytta er det svidd svart i treverket, rundt kabel/mobilantenne. Brenselcella var ute av drift og har feilmelding. Ei bardun på masta er slete av. Det har vore store krefter i sving under lynnedslaget. Reknar med at lynet har slege ned i masta/bardunene. Sendaren er fortsatt ute av drift og vi har dårlege værmeldingar framover. Her er ein videosnutt av 2. turen opp til sendaren. Trykk her for å sjå Video 3.

                 P1020480 800x600

 

                   P1020481 800x600

 

                   P1020482 800x600

5.1.2015. På grunn av usikre værmeldingar i dag, vart flyturen opp til sendaren avlyst. Vi ser om det er muligheter for å koma opp til Vardahorga, enten i morgon eller onsdag.

31.12.2014. Sendaren er fortsatt ute av drift. Utstyret ligg klart for montering. Vi ventar på vær til å fyka opp til sendaren. Har sett opp helikoptertransport måndag 5. januar, men vi må ha litt bedre værmelding.

16.12.2014. Sendaren er skada av torevær og er difor ute av drift. Det vil gå ei stund før utstyret er skifta. Håpar å vera i drift etter nyttår.

19.09.2014. Var ein tur opp på sendaren i dag for å sjekka om alt var i orden. Fekk opp ei feilmelding på brenselcella. Etter ein del gode tips frå Dag Halvorsen i Power Controls, fekk eg starta brenselcella. Den er nå i orden og feilmeldinga er fjerna. Ladinga på solcellepanelet var i dag på 14,1 volt. Beisa litt på hytta og sjekka bardunene.
Det er nå 2 år sidan vi monterte brenselcella. I dag viste det 1042 timar på displayet. Vi har då brukt tilsamen 26 liter metanol og er veldig godt fornøgd med brenselcella.
Litt skyer, men varmt i været.

SAM 0360 800x600

30.6.2014. Terje Tjelmeland og J.E. var oppe og skifta GSM modulen. Har nå fått nyare programvare, slik at sendaren opnar automatisk ved oppringing frå Bergen 110. Fekk samtidig montert ekstra sett med vaierklemmer på bardunene. Nå er det 3 stk vaierklemmer i kvar ende på bardunene til masta. Bjørn Helge køyrde ein test mot Bergen 110 og alt virka bra. Brenselcella har brukt ca 12 liter metanol i vinter.

CIMG4305 800x600
                          Terje ved toppen av anntennemasta.

CIMG4306 800x600
                 

3.3.2014. Sjekka batterispenninga i dag, 12,7 volt.

21.1.2014. Køyrde ein test mot sendaren i kveld. Batterispenninga er på 12,7 volt og sendaren har klart seg fint i stormen.

9.1.2014. Vegard Årthun Bergane + JE var oppe sendaren i dag og sjekka diverse. Lurde på om brenselcella var i drift. Fekk melding om at batterispenninga låg på 11,8 volt. Brenselcella skal starta ved 11,8 volt. Fann ut at spenninga låg på 12,1 volt, så radioen får melding om 0,3 volt lågare verdi.
Køyrde brenselcella manuellt og alt fungerte bra. Forbruk frå oktober og fram til i dag var ca. 3 liter metanol.Etterpå vart den sett over til automat. Sjakkel på ei bardun til hytta hadde losna, på grunn av vibrasjonar frå storm. Det vart ordna. Fjerna snø og is frå solcellepanelet. Så nå skulle alt vera i orden. Vi hadde ein flott tur i vinterveret.

Vardahorga 2014 800x600
                                            Vegard på tur.

Vardahorga 2014.jpg 9 800x450
                              JE festar barduna som hadde losna.

Vardahorga 2014.jpg 7 600x800
                              Då er vi snart klar for å gå ned til bilen.

Vardahorga 2014.jpg 8 800x450
                                        Sendaren i vinterver.

 
1.1.2014. Godt nytt år! Sendaren har klart seg bra i uveret i vinter og står fortsatt til teneste, for dei som har bruk for den.

16.11.2013. Køyrde test mot sendaren i kveld. Det var 12,3 volt på batteria. Ser ut for at sendaren har klart seg bra i uveret.

14.10.2013. Idag var Nils Gunnar Øvstebø og J E oppe på sendaren og gjorde den klar for vinteren. Bardunene på masta vart justert. SQL knappen på radioen (Wertex 7000) vart justert opp til strek 8. Dette vart gjordt etter anbefaling av teknikaren på Mobinet. Vi har enkelte gangar hatt ein del støy på sendaren. Håpar dette nå vert betre. Det vart også skifta til ny kanne med metanol, slik at brencelcella har nok drivstoff i vinter. Veret var flott.
 

CIMG2140 800x600 cr
                          Nils Gunnar justerar bardunene.

CIMG2138 800x600
                       Monterte ein ring på golvet, under brenselcella.

CIMG2139 800x600
   Der skal bøtta stå. Det renn litt kondensvatn frå brencelcella når den er i drift.

23.09.2013. Bjørn Helge var ein tur opp til sendaren og ordna diverse.

01.08.2012. Nå er sendaren sett i fri og ein slepp å opna tonestyringa. Ved å fjernstyra sendaren  over telefon og radio klarde vi å løysa problemet.

01.08.2012. På grunn av støysignaler inn til sendaren, er den sett i tonestyring. Vi prøver å setja sendaren tilbake til open stilling seinare i dag. Nødsambandet virkar, men ved vanleg samtale over sendaren må den opnast med tonestyringsknappen.

23.07.2013. I dag var eg oppe og skifta feste i toppen av antennemasta. Det nye feste er sveist fast, slik at antenna ikkje har mulighet til å snu seg. Håpar difor å sleppa fleire skader på antenne og kabel.

CIMG2068 800x600
                                        Nytt antennefeste.

CIMG2070 800x600
                          Heildekkande syrefast plate på toppen av masta.

CIMG2073 800x600*
                        Fast plate på toppen. Vinden er for sterk, for vanleg feste.

CIMG2078 800x600
                                     Sendaren i nydeleg ver.

CIMG2081 800x600
                                        Del av Folgefonna.

CIMG2083 800x600
                            Fjellet er grønt, her ved Urdabotnvatnet.

 

15.06.2013. Sendare har virka bra i vår. Skal skifta eit antennefest i sommar.

24.04.2013. Køyrde test mot sendaren kl. 11.10. Lading i regnveret er 13,4 volt. Alt er ok.

11.03.2012. Nå er sendaren i orden. Åshild frå Fonnafly fauk meg opp til sendaren i ettermiddag. Ho venta medan jobben vart utført. Antenna hadde vridd litt på seg i stormen og dermed skada kabelen, i toppen av masta. Fekk skifta heile kabelen + antenna, men ser at vi må laga eit deksel som held slangen med kabel og antenna i ro. Testa mot Bergen 110 og alt fungerte bra.
Samtidig kontrollerte eg forbruket av metanol til brenselcella. Frå 22. september og fram til i dag har brenselcella brukt ca. 10 liter. Fekk ikkje tid til å kontrollera kor mange timar den har gått.

CIMG1902 800x600
                                   Helikopteret frå Fonnafly.

120313 015 800x598
                                            Flyet og sendaren.

CIMG1903 800x600
                                        Dyktig og positiv pilot.

120313padde 030 800x600
                    Her oppdaga vi at antenna hadde snudd seg i stormen.

120313 016 598x800
    Så er det tid for å skifta antenna og kabel. Kim frå Bergen hjelper til med jobben.

CIMG1904 800x600
             Her viser forbruket frå 22. sept. 2012 og fram til i dag, ca. 10 liter.

07.03.2013. Har nå fått ordna med deler og transport. Planen er å fyka opp måndag, utpå dagen. Håpar då å få sendaren i drift igjen.

04.03.2013. Sendaren er fortsatt ikkje i drift. Har undersøkt ein del i dag og har ein mistanke om at det kanskje er dårleg kontakt mellom kabel og anntenne. Så inntil vidare må ein ikkje lita heilt på sendaren.

03.03.2013. Sendaren er ikkje i drift i dag. Må vera skade på anntenne el. master, etter uveret i går. GSM delen er i orden. Har nå sjekka meir: Sendaren ser ok ut, når vi brukar kikkerten mot den. Det er svake signal. Vi klarar berre opna sendaren, når det er fri sikt mellom sendar og radio. Reknar med at  signala går til jord pga. fuktig snø i master/anntenne. Ved test av ladinga, var den på 13,7 volt.

07.02.2013. Køyrde test av lading i dag. Midt på dagen i sola, var den på 13,8 volt. I kveld låg den på 12,8 volt. Har hatt fleire testar på lading i vinter og vi synest det held seg veldig bra.

11.01.2013. Testa ladinga i dag. I sola, på dagtid låg den på 14,7 volt. I kveld var den på 12,6 volt. I flg. fagfolk er dette heilt normalt. Vi har også hatt gunstigare vêr i vinter. Det ser også ut for at brenselcella og solcellepanela samarbeidar bra.

05.01.2013. Køyrde ein test mot sendaren i kveld. Batteria låg på 12,2 volt, så det går greitt med straum på sendaren. Hadde også ein test mot Bergen 110. Vi høyrde kvarandre klårt og alt var ok. Sendaren har også klart stormen, som var ved juletider.

20.12.2012. Køyrde ein test mot sendaren i dag. Ladinga var på 14,4 volt. Brenselcella og solcellepanela held ladinga i gang. Sola skein i dag. Om kvelden er batteria på 12,6 volt.

15.12.2012. Sendaren har fått prøvd seg i stormen. Det bles særdeles kraftig natt til i dag og i dag. Ser ut for at det har gått greitt. Køyrde ein test mot Bergen 110 og alt virka bra.

12.11.2012. Køyrde ein test mot sendaren i dag. Batteria var på 12,3 volt. Det er nok noko snø på solcellepanela, men brenselcella startar ladinga ved 11,8 volt.

25.10.2012. Var ein tur oppe på sendaren i dag og monterte deksel over kabel på
mobilantennar. Sjekka brenselcella og straumen på batteria. Alt var i orden. Det snøa
og var kald vind. Reknar med at det var siste turen til fjells, før vinteren kjem.

CIMG0795 800x600
                   Slik såg kabelen og GSM antenna ut før.

CIMG1908 800x600
                   Her er dekselet på plass og kabelen er skjult.


22.09.2012. JE hadde med brenselcella og anna utstyr og vart frakta opp frå Fjellhaugen av Helitrans. Brenselcella vart montert og prøvekøyrd. Røyret på toppen av masta vart skifta. Vi har montert eit kraftigare rør i syrefast stål. Viss det var nokon som hadde problem med å få kontakt med sendaren mellom kl.12.00 og 14.00, så vart det på grunn av arbeidet i masta. Etterpå var det køyrd ein nødtest mot Bergen 110. Alt virka bra. Her er nokre bilete:

        

            CIMG1764 800x600
                          Klokka 08.30 hadde eg fått utstyret opp til hytta.

            CIMG1772 800x600
                           I dag var det klårt. Eg ser havet utfor Haugesund.

            CIMG1777 800x600
                               Brenselcella er montert i ein isolert kasse.

            CIMG1779 800x600
                                 Sikringspanel, styring og laderegulator.

            CIMG1780 800x600
                    Trangt om plassen, men det vart plass til å lagra stigen.

            CIMG1781 800x600
                                    Her er brenselcella komen i drift.

            CIMG1786 800x600
                                      Masta med nytt røyr i toppen.

21.09.2012. I dag var Terje Miljeteig, Bjørn Helge og JE oppe på sendaren og jobba. Fekk senka solcellepanela og festa dei loddrett på veggen. Trur det skal virka inn, slik at det vert minder med snø og is på dei. Nå kjem det heller ikkje skugge på solcellepanela, slik at dei skaffar meir straum til batteria. Vi fekk også montert plastslange på bardunene, som held masta. Då trur vi at det ikkje vert så stor belastning på festa. Her er bilete:

             CIMG1784 800x600
             Slik er solcellepanela montert nå, loddrett på veggen. Bardunene er
             dekkar av raude 15 mm. plastrøyr.

02.09.2012. Testa nødsambandet mot Bergen 110. Alt virkar bra.

25.07.2012. Nå er vi kopla opp mot Bergen 110 og alle nødalarmar på kanal 11 går til dei. Det er ei stor hjelp for oss, då dei har vakt heile døgeret.

16.07.2012. Idag vart nødalarmen testa opp mot Securinet. Alt virka bra. Vi vert snart kopla til Bergen 110.

30.06.2012. Idag kom GSM modulen på plass igjen og sendaren fungerar som normalt. Køyrde test av nødalarmen. Den er OK.

27.06.2012. Var oppe og henta GSM modulen. Vart sendt til leverandøren for oppgradering. Vi har nå vakt på sikringsradioapparatet heile døgeret.

GSM delen er ute av drift., men kan fortsatt ta i mot nødmeldingar. Grunnen til oppgraderinga er at vi ganske snart vert kopla opp mot vakta på 110 sentralen.

Fram til at GSM modulen kjem på plass , vil ein ikkje høyra suselyd på radioen, når ein trykkjer på sendarknappen. Håpar å få utstyret på plass igjen om 4-5 dagar.

11.06.2012. Idag var Reidun og JE oppe til sendaren og sjekka den. Det er snart eit halvt år sidan sist.

Det meste såg bra ut. Fekk montert ny retningsstyrd GSM antenne. 2 av bardunene på masta måttet stramast litt. Elles såg hytta og masta grei ut. Antenna til sendaren var komen litt ut av stilling, med det justerar vi i sommar. Hadde med ein del utstyr, som skal monterast seinare. Prøvde å lasta inn ny programvare på GSM modulen, men eg oppdaga at vi mangla ein drivar, for å få programmet på plass.

Beisa kanten av hjørneborda, då dei såg ut som dei skulle vore "sandblesne". Legg ut nokre bilete frå turen.

                    CIMG0794 800x600
                                       Montering av GSM antenna.

                    CIMG0795 800x600
                                      Den retningsstyrde antenna er montert.

                    CIMG0799 800x600
                                              Den peikar mot Senjanuten.

                    CIMG0796 600x800
                                       Antenna måtte sjekkast.

                    CIMG0800 800x600
                             Kona var med og bar utstyr til sendaren.

7.04.2012. Idag låg ladinga på 14 volt. Alt er ok.

28.01.2012. Nå er GSM i orden.

27.01.2012. Har problem med GSM i dag. Har kontakta Telenor om feilen. I dag har Maren frå Sikringsradioen vore på Ulriken og testa sendaren . Hadde bra signal og ho snakka med JE over sikringsradioen., dvs. frå Bergen og til Åkra.

06.01.2012. Idag klarde Kjetil Mehl og JE å koma opp til sendare. Ein frå SKL Produksjon køyrde oss opp til tunnellinnslaget på Ågotelva. Takk for god hjelp. På grunn av dårleg ver,  har vi hatt lite lading på batteria . Det viste seg at låg 3 cm hard snø og is på solcellepanela. Vi fekk reinska vekk snøen, så nå håpar vi at det vert litt ¨meir straum. Legg ved nokre bilete, som vart mørke pgr. av snødrev og vind.

                    CIMG1508 - picnik
                                              Masta er blitt tjukk.

                    CIMG1509-picnik
                                       Isen på bardunene er 20 cm i diameter.

                    CIMG1510-picnik
                                       Det er ikkje akkurat noko sommarbilete.

                    CIMG1511-picnik
                                        Her vert det ikkje mykje lading.

                    CIMG1512-picnik
                                     Det gjekk greitt å opna døra.

26.12.2011. GSM er ikkje i orden. Nå har vi kontakt med den.

23.12.2011. GSM har vore stabil i fleire dagar, så det ser ut for at Telenor har fått alt i orden.

18.12.2011. GSM er ute av drift i dag. Telenor har hatt trøbbel med 2 basestasjonar.

                     I kveld har GSM kontakt med basestasjon.

16.12.2011. Det ser ut som at GSM nettet er i orden.

15.12.2011. Nettet er forsatt ustabilt, men siste melding frå sendaren er at det er i orden. GSM er fortsatt ustabil. Har vore i orden mesteparten av dagen, men dett ut somme gonger.

14.12.2011. Gsm modulen har ikkje kontakt med mobilnettet. Telenor sjekkar om dei har feil på sitt nett.
Det er vakt på sikringsradio. GSM var inne ei stund i dag, men er nå ute igjen. Det må vera feil i Telenor sitt system.

23.11.2011. Skifta GSM-modul, til ny type med nyare programvare.

31.08.2011. Det vart montert ny utvendig mobilantenne til GSM delen.

17.08.2011. Sendaren vart sett i drift.

Besøkande

Vi har 9 gjester og ingen medlemmar på besøk.

Ny sikringsradio

Viss du vil kjøpa ny sikringsradio, så vil vi anbefala vår lokale forhandlar:

Kambo Kraft, 5590 Etne, 
v/Egil Kambo tlf. 90 59 58 21.

Han har nye på lager og kan også justera eldre sikringsradioar.

Go to top