Referat

frå årsmøte i Ytre Hardanger sikringsradiolag

Det vart halde årsmøte i ovannemnde lag i Omvikdalen Oppvekstsenter, måndag 9. mars 2015

kl. 20.00.

Saker som skulle handsamast:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste

  2. Val av møteleiar, referent og to til å skriva under protokollen

  3. Årsmelding

  4. Rekneskap

  5. Budsjett

  6. Val

  7. Orientering om skade på sendaren

  8. Medlemskontingent / økonomi

  9. Eventuelt

Det møtte fire medlemer til årsmøtet.

Sakliste:

1. Innkalling og årsmelding vart sendt på e-post til dei medlemene som vi hadde adressa til, om lag 95% av medlemene. Innkalling og sakliste vart godkjent.

2. Jan Eirik Vågen vart vald til møteleiar, Bjørn Helge Skåle til skrivar, Lars Børge Sæberg og Bjarte Naterstad til å skriva under møteboka. (Referatet / protokollen vert reinskrive etter møtet og underteikna ved eit seinare høve.)

 

3. Årsmeldinga vart i tillegg til å bli sendt medlemene, lagt ut på heimesida til laget. Dei frammøtte hadde lest meldinga på førehand, og det kom ikkje ynskje om gjennomlesing. Årsmeldinga for 2014 vart godkjent.

 

4. Kasseraren delte ut rekneskapen. Han gjekk gjennom og kommenterte nokre av postane. Vi bør starta med nedskriving av utstyret vi eig. 20% kan kanskje høva første året. Rekneskapen for 2014 vart godkjent.

 

5. Budsjett for 2015. Skadane på sendaren i vinter vert stort sett dekka av forsikringa. Litt må vi likevel ta sjølve når det gjeld oppdatering av utstyr. Til faste utgifter og vedlikehald vert det budsjettert med inntil kr 8 000. Det kan verta aktuelt å søkja tilskot hos oppdrettsnæringa og det kommunale viltfondet. Budsjettet godkjent.

 

6. Val.

Styret for 2015 vart slik:

Leiar: Jan Eirik Vågen attval

Skrivar: Bjørn Helge Skåle ikkje på val

Kasserar: Bjarte Naterstad attval

Vara: Olav Hjetland Bringedal attval

7. Orientering om skade på sendaren. Jan Eirik gjekk gjennom hendinga dag for dag.

8. Medlemskontingent / økonomi. Årsmøtet ser ikkje behov for å krevja inn lokal
kontingent i 2015 heller. Det er mogeleg å drifta laget på eigenkapitalen komande år og.

9. Ingen hadde noko spesielt å ta opp under eventuelt men Bjarte orienterte om telefonsamtalar med Statkraft rundt mogelegheita for å etablera sendar i Mauranger.

 

Møtet slutt ca. kl. 21.00.

……………………………

Bjørn Helge Skåle, referent

Til å skriva under møteboka:

…………………………….. .……………………………..

Lars Børge Sæberg Bjarte Naterstad

Besøkande

Vi har 20 gjester og ingen medlemmar på besøk.

Ny sikringsradio

Viss du vil kjøpa ny sikringsradio, så vil vi anbefala vår lokale forhandlar:

Kambo Kraft, 5590 Etne, 
v/Egil Kambo tlf. 90 59 58 21.

Han har nye på lager og kan også justera eldre sikringsradioar.

Go to top