Referat frå årsmøte i Ytre Hardanger sikringsradiolag

Det vart halde årsmøte i ovannemnde lag i Omvikdalen Oppvekstsenter, onsdag 12. mars 2014
kl. 20.00.

Saker som skulle handsamast:
1.Godkjenning av innkalling og sakliste
2.Val av møteleiar, referent og to til å skriva under protokollen
3.Årsmelding
4.Rekneskap
5.Budsjett
6.Val
7.Medlemskontingent
8.Innkomne saker
9.Eventuelt

Det møtte tre medlemer til årsmøtet.

Sakliste:
1. Innkalling, årsmelding og rekneskap vart sendt på e-post til dei medlemene som vi hadde adressa til. Grunna møtekollisjon valte styret å flytta møtet ein dag fram til onsdag 12. mars på heller kort varsel. Innkalling og sakliste vart godkjent.
    
    2. Jan Eirik Vågen vart vald til møteleiar, Bjørn Helge Skåle til skrivar, Jan Eirik Vågen og Bjarte Naterstad til å skriva under møteboka. (Referatet / protokollen vert reinskrive etter møtet og underteikna ved eit seinare høve.)

3. Årsmeldinga vart i tillegg til å bli sendt medlemene, lagt ut på heimesida til laget. Dei frammøtte hadde lest meldinga på førehand, og det kom ikkje ynskje om gjennomlesing. Årsmeldinga for 2013 vart godkjent.

4. Kasseraren gjekk gjennom rekneskapen og forklåra samstundes nokre postar. Rekneskapen for 2013 vart godkjent.

5. Budsjett for 2014. Det vert ikkje berekna større investeringar i året som kjem. Til faste utgifter og vedlikehald vert det budsjettert med kr 4 300.
Ved ei mogeleg etablering av sendar i Mauranger vert det utarbeidd eige budsjett.

6. Val.
Styret for 2014 vart slik:
Leiar:        Jan Eirik Vågen         attval
Skrivar:     Bjørn Helge Skåle         attval
Kasserar:    Bjarte Naterstad        ikkje på val
Vara:        Olav Hjetland Bringedal    attval

7. Medlemskontingent. Årsmøtet ser ikkje behov for å krevja inn lokal kontingent i 2014 heller. Det er mogeleg å søkja viltfondet om midlar til drift av sendaren / laget.

8. Det var ikkje kome inn ynskje om å få behandla andre saker på årsmøte.

9. Ingen hadde noko spesielt å ta opp under eventuelt men ymse tema vart diskutert, slik som 110-sentralen, forhandlarsituasjonen, litt rundt mogelegheita for å etablera sendar i Mauranger. Dette er avhengig av lokale eldsjeler og at ein helst får tilgang til straum der sendaren kan plassert.

Møtet slutt ca. kl. 21.00.

……………………………
Bjørn Helge Skåle, referent

Besøkande

Vi har 22 gjester og ingen medlemmar på besøk.

Ny sikringsradio

Viss du vil kjøpa ny sikringsradio, så vil vi anbefala vår lokale forhandlar:

Kambo Kraft, 5590 Etne, 
v/Egil Kambo tlf. 90 59 58 21.

Han har nye på lager og kan også justera eldre sikringsradioar.

Go to top